Universitetet i Bergen (UiB) er eit byuniversitet der sentrale delar av campus ligg i Bergen sentrum. Vi har ca. 14 300 studentar og omlag 3 300 tilsette. UiB er kjend for forsking på høgt internasjonalt nivå og har mellom anna fleire senter for framifrå forsking (SFF). Vi har ein sterk internasjonal profil, som medfører tett samarbeid med universitet over heile verda.
Stipendiat i marin mikrobiologi - utvida søknadsfrist
Ved Institutt for biologi (www.uib.no/bio) er det ledig ei treårig stilling som stipendiat knytt til prosjektet «MIcrobial Network OrganiSation (MINOS). Self-similarity as an organizing principle in complex microbial food webs”, finansiert av EU. Stipendiaten sin arbeidsstad vil vere i forskargruppa Marin mikrobiologi (http://www.uib.no/fg/mm) ved Institutt for biologi.
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i marinbiologi/mikrobiologi/ biologi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Før tilsetjing kan skje er det likevel ein føresetnad at kandidaten fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.
Stipendiaten skal jobbe med predator/bytte problemstillingar, og vi ser etter ein motivert kandidat med forskarpotensial, som har relevant utdanning innan marin planktonbiologi og økologi. Erfaring med eksperimentelle forsøksoppsett og dyrking av planktoniske organismar (helst mikro- eller mesozooplankton) er eit fortrinn. Kjennskap til metodar for detektering og kvantifisering av planktonorganismar (mikroskopi, flowcytometri m.m.) er òg relevant.
Forskingsarbeidet vil inkludere både laboratoriearbeid og felteksperiment og det kan òg vere mogleg med forskingsopphald ved utanlands institusjon. Stipendiaten må ha evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre. Stipendiaten må ha gode engelskunnskapar (munnleg/skriftleg).
Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Søknad om opptak til ph.d.-studiet, inklusive plan for gjennomføring av forskarutdanninga, vil verte utarbeidd i samråd med aktuell faggruppe. Det kan verte gjort frådrag i
tilsetjingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Løn etter lønssteg 48 (kode 1017/LR 20.8) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Jorun Egge (jorun.egge@bio.uib.no) eller forskar Aud Larsen (aud.larsen@bio.uib.no).
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.
Send søknad og CV, vitnemål/karakterutskrift (bachelor og master), kopi av masteroppgåve og andre publikasjonar og ei liste over faglege publikasjonar og presentasjonar, elektronisk ved å klikke på knappen merkt ”SØK PÅ STILLINGA” på denne sida.
I tillegg skal søknaden innehalde ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga og dessutan namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar.
Søknader sende på e-post vil ikkje verte vurderte.
Utvidet søknadsfrist til: 22. februar 2012.
Søknaden skal merkast: 2011/14091.
Søknadsfrist: 22.02.2012
Web: www.uib.no
Kontakt: Professor Jorun Egge
E-post: jorun.egge@bio.uib.no
Kontakt 2: Forskar Aud Larsen
E-post: aud.larsen@bio.uib.no