Universitetet i Bergen, Institutt for biomedisin, har ledig ei 3-årig stilling som stipendiat. Stillinga er knytt til prosjektet ”Targeting invasive and angiogenic mechanisms in human glioblastoma”, og er finansiert av Norges forskningsråd (NFR). Arbeidsstad er Institutt for biomedisin, Bygg for Biologiske Basalfag, Jonas Lies vei 91.
Prosjektet går ut på å undersøkje mekanismar av invasjon i maligne hjernesvulstar. Forskinga er basert på ein unik dyremodell. Målsetjinga er å hemme invasjon og angiogenese samtidig, for å oppnå ein effektiv terapi. Se på webside www.neuroconcept.org for ytterlegare informasjon.
Utfyllande opplysningar om stillinga, kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Hrvoje Miletic, tlf. +47 968 47 286 , e-post hrvoje.miletic@biomed.uib.no
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Du må ha mastergrad i cellebiologi eller tilsvarande utdanning. Graden må vera avlagt innan søknadsfristen.
- Vi ynskjer at du har erfaring frå cellekultur, PCR, western blot og immunhistokjemi
- Det er ein føremon om du i tillegg har erfaring frå arbeid med dyreforsøk
- Du må kunne nytte munnleg og skriftleg engelsk
- Du må vera sjølvstendig, kunne samarbeide, vere motivert og ansvarsmedviten, og i tillegg ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
Om forskarutdanninga
Det er ein føresetnad at kandidaten fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen. Som stipendiat skal du delta i eit godkjend utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor den fastlagde tidsramma. Søknad om opptak til ph.d.-studiet, inklusive plan for gjennomføring av forskarutdanninga, vert utarbeidd i samråd med aktuell faggruppe etter du har signert arbeidsavtalen. Ein endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjend av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.
Om stillinga som stipendiat
Den samla stipendperioden er på 3 år. Dersom du tidlegare har vore tilsett i rekrutterings-stilling eller har vore forskarlinestudent, vert denne perioden trekt ifrå den samla tilsettingsperioden.
Vi kan tilby
- Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfront.
- Løn etter lønssteg 48 (kode 1017/LR20.8) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet som du opparbeider deg i stillinga (lønssteg 48/56). For søkjarar med gjennomførd turnusteneste og søkjarar med minst eitt års tilsetjing i tannlegestilling: lønssteg 49 (kode 1017/20.8). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning: lønssteg 56 (kode 1017/LR20.15).
- God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
- Stilling i ei IA-verksemd
Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga
- Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
- Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på originalspråket og autoriserte oversetningar)
- Fullstendig liste over eventuelle publikasjonar og faglege arbeid
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Du sender søknaden med vedlegg elektronisk via JobbNorge ved å klikke på knappen merka «SØK STILLINGA».
Om rekruttering i statlege stillingar
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda til å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Vi gjer deg difor merksam på at opplysningar om deg som søkjar kan gjerast offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert du varsla om dette.
Søknadsfrist: 11. februar 2012