Universitetet i Agder



Høgskolen i Agder, som universitetet er vakse ut frå, blei etablert i 1994 ved ei samanslåing av seks tidlegere høgskular, som følgje av den nasjonale høgskulereforma.


Den eldste høgskulen som gjekk inn i fusjonen, var Kristiansand lærarhøgskole, frå 1839, den mest universitetsnære var Agder distriktshøgskole, etablert 1969.


Samlinga etablerte ein institusjon med 5.700 studentar og 540 tilsette. Universitetet i Agder har hausten 2009 ca. 9.000 studentar, 1.000 tilsette og årleg budsjettramme på ca. 900 mill. kr.


Høgskolen i Agder blei i 1994 organisert i åtte avdelingar, og med lærarutdanningane (førskulelærarutdanning, allmennlærarutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning) organisert på tvers av avdelingane ved høgskulen.


Universitetet i Agder har no fast verksemd i Kristiansand (Gimlemoen og Kongens gt. 54), Grimstad (Grooseveien og Dømmesmoen) og Arendal (Sykehusveien), men vil i neste studieår vere samla i to campus, Campus Kristiansand på Gimlemoen (frå januar 2011) og Campus Grimstad i Teknologiparken (frå august 2010).


Universitetet har fem fakultet:



View Larger Map



Vill du veta mer?
Høgskolen i Agders officiella webbplats
external_link