Rehabiliteringssenteret AiR

Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering

Rehabiliteringssenteret AiR er Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering.

 

  • Rehabiliteringssenteret AiR har drive med arbeidsretta rehabilitering (ARR) sidan senteret starta opp i 1986, og fekk status som Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering (NK ARR) i 2005. Organisasjonen vart då delt inn i AiR - Klinikk og AiR - Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering. I 2010 endra senteret namn frå Attføringssenteret i Rauland (AiR) til Rehabiliteringssenteret AiR.

  • Kompetansesenteret har som oppgåve å utvikle og styrke fagfeltet med utgangspunkt i arbeidsretta rehabilitering i spesialisthelsetenesta.

 

  • Kompetansesenteret er oppnemnt av Stortinget og forvaltast av Helse Sør-Aust RHF.

 

  • Kompetansesenteret byggjer på ein nettverksmodell med utgangspunkt i eit nettverk av ARR-institusjonar som er innanfor spesialisthelsetenesta og som har avtale med regionale helseføretak (RHF).

  • Hovudmålsetjinga for kompetansesenteret er å utvide og utvikle kompetansesenterfunksjonen på ein slik måte at vi møter produksjonskrava innan forsking, formidling og nettverksaktivitetar.

 

Føremåla med kompetansesenteret er å:

 

  • Få betre kunnskap om målgrupper innan ARR.
  • Få betre kunnskap om kva som er best mogleg innhald i metodikk for ARR.
  • Få betre kunnskap om effektar av ARR.
  • Få betre kunnskap om optimal samhandling med andre aktørar i samhandlingskjeda.
  • Vera med å styrke kompetanseutvikling i heile behandlingskjeda.

 

 

Våre arbeidsområde

For å nå målsetjinga har kompetansesenteret peika ut fire arbeidsområde:

 

1. Forsking

Kompetansesenteret skal vera med å betre det faglege fundamentet for arbeidsretta rehabilitering. Det er difor eit mål å auke forskingsaktivitet internt og saman med våre samarbeidspartnarar for å betre forståinga av inntakskriterie, optimalt innhald, effekt og optimale samhandlingskjedar.

Kompetansesenteret har inngått eit formelt forskingssamarbeid med Uni helse, UiB.


2. Fagutvikling

Kompetansesenteret skal utvikle arbeidsmåte og innhald i ein nasjonal modell for arbeidsretta rehabilitering. Strategien er å auke tilgangen på kompetanse og kunnskap knytt til arbeidsretta rehabilitering med utgangspunkt i basisverksemda ved AiR - Klinikk og dei andre institusjonane i nettverket.


3. Formidling og deltaking i eksterne regionale/nasjonale prosessar

Kompetansesenteret skal arbeide for å vidareutvikle og forbetre arbeidsmåte og innhald i arbeidsretta rehabilitering, og skal formidle ny kunnskap frå intern og ekstern forsking og fagutvikling. Me arbeider også med kompetanseutvikling gjennom studier, læringsarenaer og kurs.


4. Nettverk

Vår nettverksmodell har ein kjernestruktur som består av kjerne, kjernegruppe og kjernenettverk. Dette er kompetansesenterets utgangspunkt og primære kunnskapsgrunnlag, og er avgrensa til rehabiliteringsinstitusjonar i spesialisthelsetenesta med eit spesifikt arbeidslivsfokus. Eit sentralt mål er å auke det faglege grunnlaget. Samtidig ynskjer me at den kompetansen som blir utvikla i kjernenettverket òg kan bli tilført andre institusjonar med ARR-profil, aktørar som tilbyr arbeidsretta tiltak og øvrige samhandlingskjede.

Ein nettverksmodell er ikkje ein stabil struktur. Han er sett saman av delvis omskiftelege og til ein viss grad organiske nettverk. Slik vil samanstillingar og samarbeidspartnarar skifte når omgjevnadane stadig er i endring.


Les meir om lærande nettverk og læringsarenaer ved kompetansesenteret:

Lærings- og innovasjonssystem ved NK ARR (790 kB)


Partnerskapsavtaler

Kompetansesenteret har partnerskapsavtaler med desse institusjonane:

 

 



Vill du veta mer?
Rehabiliteringssenteret AiR:s officiella webbplats
external_link


Inga registrerade lediga tjänster på Rehabiliteringssenteret AiR

Bevaka ett ämne

Registrera din intresseprofil och ta emot lediga anställningar via e-post - Kostnadsfritt och anonymt!
utskick trans

Registrera dig