Norges idrettshøgskole

Norges idrettshøgskole er ein vitskapleg høgskule med eit særleg, nasjonalt ansvar for forsking og høgare utdanning innan det idrettsvitskaplege fagfeltet.



Flyfoto over NIH september 2008












FOTO: LØCHENMEDIAWEB
Terje Løchen
 
Dei sentrale aktivitetane våre er undervisning, forsking og formidling. NIH har eit breitt spekter av disiplinar, fag og praktiske aktivitetar. Høgskulen sine aktivitetar er avgrensa til idrett, kroppsøving, leik, friluftsliv, dans, trening og andre former for rørsle.
 
NIH sine studieprogram skal gje god og relevant kunnskap og kompetanse. Desse studieprogramma utdannar mellom anna for profesjonar og oppgåver i skule og opplæring, trenar i idrett, leiar og administrator i idrettsorganisasjonar og offentleg forvaltning, rettleiar i friluftsliv, rådgjevar og rettleiar i helsevesenet, instruktør innan treningssenterbransjen og forskar og lærar innan høgare utdanning.
 
Frå Sognsvann kan ein sjå NIH sine bygg og idrettsanlegg. NIH har Nordmarka som næraste nabo, og samstundes er ikkje vegen til Oslo sentrum langt unna. Lokaliseringa skapar i høg grad gode tilhøve for utøving av fysisk aktivitet i samband med studiar og forsking.



Vill du veta mer?
NIH:s officiella webbplats
external_link


Inga registrerade lediga tjänster på Norges idrettshøgskole

Bevaka ett ämne

Registrera din intresseprofil och ta emot lediga anställningar via e-post - Kostnadsfritt och anonymt!
utskick trans

Registrera dig